Om meg

2015-07-14 22.33.47Født i 1981, gift med ei fantastisk kone og har 3 aktive guter. Bur i Omvikedalen og trives her.

Er utdanna kokk, men det begynner å bli nokre år sidan eg jobba som kokk. Derfor ønsker eg heller å kalle med for hobby kokk. Likar å lage mat, og det å komme samen med venner, familie og andre for ein matbit er heilt fantastisk. Derfor har eg valgt å lage denne sida, eller som ein kollega seier “Rosa Bloggen”. 

Det begynnte igrunn med at eg var litt lei av at eg skreiv oppskrifter på lapper, som eg heile tida mistet. Måtte difor finne ein måte å skrive dei ned på, og vips så blei det ei egen side, der eg også kan få dele dei med andre. Pluss eg kan få dele andre ting i fra kvardagen min.

På fritida likar eg å vera med familie og venner. Går også i menigheten Kristent Fellesskap Kvinnherad.

 

Gud kom inn i livet mitt:

Barndommen min var god og innhaldsrik, er voksen opp med den kristne barnetrua. Eg viste lite kven Gud eller Jesus var, men eg trudde no på dei. På 2000-talet traff eg den framtidige kona mi, som var voksen opp i ein kristen heim. Der gikk dei på møter og var aktive i menigheten, dei hadde ein pesonleg relasjon med Jesus og Gud. I 2007 tok me steget å gifta oss. Kona mi følte at ho trong noko meir og det samme følte eg for min egendel, eg måtte bli meir kjent med denne Guden. Det låg ingen press bak det eller noko form for overtalelse, men etter kvart falt bitene på plass av seg selv. Eg blei invitert på eit Alpha kurs der eg blei kjend med Jesus og Gud på ein naturleg måte. På eit Alpha kurs er det anledning til å utforske den kristne tro i eit åpent og avslappa miljø. Dette kurset gjorde at eg blei meir nysgjerrig på kven Jesus og Gud er. Eg følte eg mangla noko i livet mitt. Eg ønska noko meir, eg ønska å vere venn med Jesus, sleppe han inn i hjarta mitt. Som det står i Johannes

3:16 For så har Gud elsket verden at han gav sin sønn, den enbårne, for at hver den som tror på han, ikkje skal fortapes, men ha evig liv.

Så i 2009 tok eg i mot Jesus som min frelser, slik som det står i Bibelen, Romerne 10: 9-10

For hvis du med din munn bekjenner at Jesus er Herre, og i ditt hjerte tror at Gud har oppreist ham fra de døde, da skal du bli frelst. 10 Med hjertet tror vi så vi blir rettferdige, med munnen bekjenner vi så vi blir frelst.

Kvardagn min er nokk annerledes, eg har lagt det gammle livet til Stig bak meg, og starta eit nytt liv sammen med Frelseren.

Håper folk som leser dette, ikkje får eit annet syn på meg. Om nokon ønsker å høyre meir om mitt møte med Gud, så er det bare til å ta kontakt. Også Alpha kurs kan ordnast.



Salmene 100

 1 Rop med jubel for Herren, all jorden!
          
    2 Tjen Herren med glede,
          kom fram for ham med jubel!
          
   3
Kjenn at Herren er Gud!
          Han har skapt oss, vi er hans,
          vi er hans folk og den flokken han gjeter.
          
   4
Kom gjennom portene hans med takkesang,
          inn i forgårdene med lovsang!
          Lov ham, velsign hans navn!
          
  5
Herren er god, evig er hans miskunn,
          hans trofasthet varer fra slekt til slekt.

 

One thought on “Om meg

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *